Infrastrukturføretak
Rapportere
Sist publisert: 8. april 2025
Informasjon om krav til rapportering for infrastrukturføretak.
Marknadsoperatørar for regulert marknad, MHF og OHF
Finanstilsynet handhevar per april 2025 krav om rapportering som omtalt under.
Transaksjonsrapportering
Marknadsoperatørar av handelsplassar skal dagleg rapportere detaljar om transaksjonar på handelsplassane sine, som blir utførte av føretak som ikkje er omfatta av EU-forordning nr. 600/2014 om marknader for finansielle instrument (MiFIR) artikkel 26 nr. 1. og 3. MiFIR er gjennomført i norsk rett gjennom verdipapirhandellova § 8-1.
Posisjonsrapportering
Marknadsoperatørar som driv ein handelsplass der det blir handla varederivat, utsleppskvotar eller derivat med utsleppskvotar som underliggande, skal dagleg rapportere posisjonar i varederivat. Dette følger av verdipapirhandellova § 15-3, som gjennomfører føresegner i EU-direktivet 65/2014 om marknader for finansielle instrument (MiFID II).
Dersom talet på personar og deira opne posisjonar overskrid ei minstegrense, skal marknadsoperatøren offentleggjere ein vekerapport om desse posisjonane. Rapporten skal sendast til Finanstilsynet og Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA).
Rapportering for sentrale motpartar
Rapportering for sentrale motpartar følger av forordning (EU nr. 648/2012 (EMIR), som er tatt inn i norsk regelverk i verdipapirhandellova § 17-1 første ledd og tilhøyrande regelverk.
Rapportering for verdipapirsentral
Verdipapirsentralar er underlagde rapporteringskrav som følger av CSDR.
I tillegg er dei underlagde krav om å melde frå om utkontraktering etter finanstilsynslova § 4-6.