Eigenmelding frå reknekapsføretak (KRT-1004)
Sist publisert: 21. januar 2026
Som eit ledd i det løpande tilsynsarbeidet, gjennomfører Finanstilsynet dokumentbasert tilsyn retta mot rekneskapsføretak. Rekneskapsføretak har rapporteringsplikt.
Lovheimel og formål
Alle verksemder som er under tilsyn av Finanstilsynet, er pliktig til, på alle tidspunkt, å gi alle opplysningane Finanstilsynet måtte krevje (finanstilsynslova § 3-1). Å svare på KRT-1004 er ei slik plikt.
Manglande svar innan fristen er eit brot på pliktene til rekneskapsførarane og rekneskapsselskapa, som kan føre til tilsynsmessige reaksjonar, inkludert tilbakekalling av godkjenninga.
Eigenmeldingane gir grunnlag for hensiktsmessig og risikobasert tilsyn.
Innlevering via Altinn
Svar og innlevering skal skje via Altinn. Skjemaet finst både på bokmål og nynorsk.
Tilsynseiningane skal sende inn KRT-1004 når Finanstilsynet varslar om det. Varsling skjer ved nyheitsmelding på Finanstilsynets nettstad. Du kan abonnere på nyheitsvarsel.
Merk at Finanstilsynet ikkje sender ut purringar før innsendingsfristen.
Gå til rapporting i Altinn (KRT-1004)
Om å svare på eigenmeldinga
Denne informasjonen må vere tilgjengeleg for å kunne svare på eigenmeldinga:
For rekneskapsføretak (selskap og enkeltpersonføretak)
- Den siste årsrekneskapen føretaket la fram
- Føretaket sine skriftlege rutinar for risikostyring og internkontroll
- Føretaket sine skriftlege rutinar for kvalitetsstyring
- Føretaket sine skriftlege rutinar for antikvitvasking
- Føretaket sin verksemdsinnretta risikovurdering og risikoklassifisering etter kvitvaskingslova
- Oversikt over eventuelle avtalar om utkontraktering
- Opplysningar om oppdragsansvarlege rekneskapsførarar i føretaket er medlem i Regnskap Norge og/eller Revisorforeningen
For rekneskapsselskap
- Eigarane til selskapet
- Styremøtereferat
Sletting av godkjenning som rekneskapsselskap eller opphøyr av rekneskapsføringsverksemd i enkeltpersonføretak
Dersom føretaket har avslutta rekneskapsføringsverksemda, kan det la vere å sende inn eigenmeldinga, men berre dersom det samtidig melder frå om opphøyret til Finanstilsynet innan rapporteringsfristen.
Rekneskapselskap som ikkje lenger har rekneskapsoppdrag, kan slette godkjenninga si ved å bruke Altinn-skjema under.
Rapporteringsfrist
Finanstilsynet tar sikte på å sende ut skjema for neste rapportering hausten 2026. Rapporteringsplikta blir varsla som nyheitsmelding.
Kontakt
Har du spørsmål til eigenmeldinga, ta kontakt ved å bruke KRT-1060 Generelt vedleggsskjema til Finanstilsynet eller post@finanstilsynet.no.
Du kan òg kontakte Morten Reinhardt Nordeide, tlf. 22 93 98 32
Altinn brukerservice
Har du tekniske spørsmål om bruk av Altinn, ta kontakt med