Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

CRR Store eksponeringar (COREPLE)

Rapporteringskrava for store eksponeringar er omtalte i kapitalkravsforordninga (CRR) del 4. Alle føretak som er omfatta, har plikt til å rapportere store eksponeringar, både på solo- og konsolidert nivå. Ei stor eksponering er definert som ei eksponering som før unnatak og sikkerheitsstilling utgjer 10 prosent eller meir av netto kjernekapital.

Rapportering

CRR Store eksponeringar (COREPLE)

Føretaka skal følgje rapporteringsmateriellet som følgjer av det gjeldande rammeverket som EBA har publisert på nettstaden sin. Det gjeldande rammeverket omfattar ITS, valideringsreglar, DPM og ein taksonomipakke med mellom anna eksempelfiler. Sjå Finanstilsynet si nettside CRD Teknisk løysing for meir informasjon om det tekniske rapporteringsmateriellet.

Rapporteringa av store eksponeringar (COREPLE) skal frå og med referansedato 31. mars 2026 rapporterast gjennom e‑Reg. Føretaka skal levere data som ei zip‑fil i XBRL.CSV‑format. Tidlegare vart store engasjement rapporterte gjennom KRT‑1076‑ og KRT‑1077‑skjemaa i Altinn.

Verdipapirføretak skal levere store eksponeringar gjennom Altinn‑skjemaa KRT‑1476 og KRT‑1477 for referansedato 31. mars 2026. Etter denne datoen skal verdipapirføretak ikkje lenger levere store eksponeringar i påvente av nytt regelverk.

  • XBRL - informasjon og rapporteringsmateriale frå EBA
  • Informasjon om CRD-rapportering i Altinn (pdf)
  • CRD Teknisk løysing

Gå til informasjonssiden for rapportering gjennom e-Reg

Kven skal rapportere?

Rapporteringskravet gjeld alle bankar, kredittføretak, finansieringsføretak, holdingselskap i finanskonsern som ikkje er forsikringskonsern.

Verdipapirføretak skal frå og med referansedato 30. juni 2026 ikkje levere rapportering av store eksponeringar (KRT‑1476 og KRT‑1477).

Kva skal føretaka rapporteres?

Rapporteringa av store eksponeringar er delt i fire skjema:

  1. Høgaste grense for samla engasjement
  2. Identifikasjon av motpart
  3. Eksponeringar i og utanfor handelsporteføljen
  4. Informasjon om dei enkelte motpartane i ei gruppe av tilknytta motpartar

Rapporteringsfrister

Kvartalsvis rapportering både på solo- og konsolidert nivå:

Første kvartal: 12. mai

Andre kvartal: 11. august

Tredje kvartal: 11. november

Fjerde kvartal: 11. februar

 

Dersom rapporteringsdagen er på ein helligdag, laurdag eller søndag skal føretaket levere rapporten den neste arbeidsdagen. 

Innsending av korreksjoner for perioder før første kvartal 2026

Som følge av innføringen av ny rapporteringsløsning og avviklingen av Altinn 2, er historiske KRT-skjemaer for COREPLE via Altinn ikke lenger tilgjengelige.

For korrigering av rapportering med referansedato før første kvartal 2026 skal skjema KRT-3090 benyttes via Altinn. Dette skjemaet behandles manuelt. Dette innebærer at det må påregnes lengre behandlingstid for tilbakemelding enn normalt. Vi ber derfor om at skjemaet kun benyttes for vesentlige korreksjoner.

Ved korrigering av tidligere rapportering må korrekt taksonomiversjon benyttes, basert på referansedatoen rapporteringen gjelder for. 

KRT-3090 skal kun benyttes til innsending av XBRL-XML-filer (gammelt filformat) for rapportering med referansedato før første kvartal 2026.

For korrigering av rapportering fra og med første kvartal 2026 skal e-Reg benyttes.

EBA XBRL reinnsending med referansedato før 31.3.2026 (KRT-3090)

 

CRD/CRR-rapporteringa

Finanstilsynet følger den gjeldande taksonomiversjonen frå EBA.

EBA reporting frameworks

Kontakt banker og finansieringsforetak

Rapporteringsansvarlege for kapital:
E-post

Kontakt verdipapirområdet

Verdipapir- og marknadsteamet innan analyse og rapportering:
E-post

Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less