Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Rapportere >
CRR Referansegruppe og informasjonsmøter

CRR Referansegruppe og informasjonsmøter

Sist publisert: 14. juni 2024

Finanstilsynet har ei referansegruppe med representantar for bransjeorganisasjonane og Noregs Bank for å ha dialog, hente inn synspunkt og informere om praktiske problemstillingar i samband med rapportering etter CRR/CRD m.m. Finanstilsynet har tidlegare hatt informasjonsmøte for heile bransjen om CRR/CRD-rapporteringa.  

Nytt frå referansegruppa

Møtet 12. juni 2024

Hovudtemaa for møtet 12. juni var

  • kort om rapporteringsendringar i rapporteringsrammeverk v.3.4 og 3.5. om IRRBB, MREL/TLAC, DORA, FICOD, FRTB og Diversity Benchmarking
  • dei viktigaste endringane i CRR3 og kva for konsekvensar dei har for rapporteringa (rapporteringsrammeverk v.4.0)
  • framtidige tekniske endringar i rapporteringsmateriellet (inklusive informasjon om nytt system for Pillar 3 og oppfølging av prosjektet for «Integrated reporting»)

Presentasjonen (PDF) og opptaket frå møtet ligg i lista under.

Møtet 25. februar 2021

Hovudvekta av dagsordenen for møtet i referansegruppa 25. februar:

Informasjon om innføring av EUCLID (European Centralised Infrastructure of Data) og fagleg og teknisk del av rapporteringspakke v.3.0. Denne følger av endringar i EU sitt kapitalkravsregelverk (CRR2/CRD5) og endringar i krisehandteringsregelverket (BRRD2), samla omtalte som «bankpakken». Bankpakken og nytt rapporteringsrammeverk vil bli innførte frå den same datoen. I EU er referansedatoen for dette 30.06.2021, medan tidspunktet for gjennomføring i Noreg ikkje er endeleg avgjort. (April 2021: Finansdepartementet har informert om at bankpakken ikkje vil tre i kraft i Noreg i juni. Dette betyr i praksis at rapporteringane til Finanstilsynet vil fortsette å bygge på CRD IV / CRR (v. 2.10), og at den nye rapporteringspakken vil bli utsett inntil vidare).

Presentasjonar frå møte i referansegruppa

  • Presentasjon møte 12. juni 2024 (pdf) og opptak frå møtet
  • Presentasjon møte 5 - 25. februar 2021 (pdf)
  • Presentasjon møte 4 - 3. september 2015 (pdf)
  • Presentasjon møte 3 - 27. september 2013 (pdf)
  • Presentasjon møte 2 - 18. juni 2013 (pdf)
  • Presentasjon møte 1 - 30. november 2012 (pdf)

Presentasjonar frå informasjonsmøta

  • Presentasjon frå informasjonsmøte om obligatorisk XBRL 20.-22. juni 2017 (pptx)
  • Presentasjonar frå informasjonsmøtet i 2014
  • Invitasjon til informasjonsmøte 2014
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less