Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Årsrapporten til Finanstilsynet for 2025

Nyheter

Årsrapporten presenterer viktige oppgåver og satsingar som Finanstilsynet gjennomførte i 2025. Finanstilsynet løyste i fjor i hovudsak oppgåvene i tråd med oppdraget i tildelingsbrevet frå Finansdepartementet og den fastsette strategien.

Dei seks kapitla i årsrapporten viser ulike sider ved verksemda og ansvaret vårt. I kapittel I gir finanstilsynsdirektør Per Mathis Kongsrud eit oversyn over tilsynsverksemda i 2025 og samfunnsoppdraget til Finanstilsynet, som er å bidra til finansiell stabilitet og velfungerande marknader.

Kapittel II «Introduksjon til verksemda og hovudtal» presenterer strategien og leiinga, sentrale tal om organisasjonen, om likestilling, inkludering og mangfald, og om kommunikasjon og samarbeid.

I kapittel III «Årets aktivitetar og resultat» rapporterer Finanstilsynet etter dei strategiske måla og styringsparametrane om planlagde og gjennomførte tilsynsoppgåver i 2025.

Kapittel IV «Styring og kontroll i verksemda» omtaler sentrale oppgåver og prosjekt, som kva saker styret til Finanstilsynet behandla, den nye finanstilsynslova som tredde i kraft 1. april i fjor, og digitaliserings- og forenklingsprosjekta til tilsynet. Kapittelet omtaler også internkontroll og sikkerheit.

Kapittel V «Vurdering av framtidsutsikter» tek opp risikoen for ustabilitet i internasjonale finansmarknader, konkurransekraft og rammevilkår for finansnæringa, digital sårbarheit og beredskap, kampen mot økonomisk kriminalitet og klimarisiko og berekraft. Kapittelet omtaler også målet til Finanstilsynet om å vere ei relevant og effektiv tilsynsmyndigheit, og at vi praktiserer eit risikobasert tilsyn og prioriterer tiltaka og verkemidla som har størst effekt.

Kapittel VI viser årsrekneskapen til Finanstilsynet, som Riksrevisjonen reviderer. Finanstilsynet fører eit periodisert rekneskap for verksemda og følger dei statlege rekneskapsstandardane (SRS).

I februar publiserte Finanstilsynet korte rapportar om tilsynsverksemda i 2025 på dei ulike tilsynsområda.

Årsrapport

  • Årsrapport 2025
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less