Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Nyheter >
Nye berekraftsreglar for verdipapirføretak

Nye berekraftsreglar for verdipapirføretak

Nyheter

Publisert: 4. januar 2023
Sist publisert: 6. januar 2023

Finanstilsynet har fastsett utfyllande reglar i verdipapirforskrifta om berekraft og pliktene til verdipapirføretaka. Endringane bygger på felleseuropeisk regelverk og vil gjelde i Noreg frå 5. januar 2023.

Dei felleseuropeiske reglane om berekraft for verdipapirføretak blei fastsette av EU-kommisjonen i 2021. Desse reglane er no tekne inn i EØS-avtalen, og dei blir gjennomførde i norsk rett ved endringar i verdipapirforskrifta. Reglane trer i kraft 5. januar 2023.

EU-reglane som dei norske reglane bygger på, er ei endringsforordning og eit endringsdirektiv på verdipapirområdet.

Meir om dei nye reglane

I EU er utfyllande reglar til MiFID II (direktiv 2014/65/EU) gitt i delegert kommisjonsforordning (EU) 2017/565. Reglane omfattar mellom anna organisatoriske krav og verksemdsreglar for verdipapirføretak, og dei er gjennomførde i norsk rett i verdipapirforskrifta. EU-kommisjonen fastsette i 2021 endringar i dei utfyllande reglane i kommisjonsforordning (EU) 2021/1253. Desse endringane, som gjeld integrering av berekraftsfaktorar i verdipapirføretaka sine organiserings- og verksemdskrav, vil no gjelde i Noreg òg. Endringane er gjennomførde i verdipapirforskrifta § 2-2.

Utfyllande reglar til MiFID II om mellom anna produkthandteringar er i EU gitt i delegert kommisjonsdirektiv (EU) 2017/593. Desse reglane er gjennomførde i norsk rett i verdipapirforskrifta. EU-kommisjonen fastsette i 2021 endringar i dei utfyllande reglane i kommisjonsdirektiv 2021/1269. Desse endringane, som omfattar integrering av berekraftsfaktorar i verdipapirføretaka sine produkthandteringskrav, vil no òg gjelde i Noreg. Endringane er gjennomførde i verdipapirforskrifta kapittel 9 del VII og VIII.

Endringar i norsk regelverk frå 5. januar 2023:

  • Endringar i verdipapirforskrifta (Lovdata.no)

Relevant EU-regelverk

  • Kommisjonsdirektiv (EU) 2021/1269 – om endring av delegert direktiv (EU) 2017/593 med omsyn til integrering av berekraftsfaktorar i produkthandteringskrava (EUR-Lex)
  • Kommisjonsforordning (EU) 2021/1253 – om endring av delegert forordning (EU) 2017/565 med omsyn til integrering av berekraftsfaktorar, berekraftsrisiko og berekraftspreferansar i verdipapirføretaka sine organiserings- og verksemdskrav (EUR-Lex)

Relatert innhald

  • Lov om bærekraftig finans trer i kraft 1. januar
  • Temaside om bærekraft
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less