Høyring frå EU-kommisjonen: Utfyllande regelverk til MAR om tilbakekjøpsprogram og stabiliseringshandel
Høringer
EU-kommisjonen har nå på høyring endring av utfyllande regelverk til MAR om rapporterings- og offentleggjeringsforpliktingar om tilbakekjøpsprogram og stabiliseringshandel. Høyringsfristen er 19. oktober 2026.
Marknadsmisbruksforordninga (MAR) artikkel 5 inneheld reglar om tilbakekjøpsprogram og stabiliseringshandel. Forbodet mot innsidehandel, ulovleg spreiing av innsideinformasjon og marknadsmanipulasjon gjeld ikkje for slik handel dersom han skjer i samsvar med krava i MAR.
MAR inneheld blant anna føresegner om rapporteringsforpliktingar og offentleggjering av opplysingar om tilbakekjøpsprogram og stabiliseringshandel. Listing Act, som endrar MAR, innfører visse forenklingar av desse forpliktingane for tilbakekjøpsprogram. EU-kommisjonen føreslår no endringar i utfyllande regelverk til MAR som følgje av forenklingane i Listing Act. EU-kommisjonen føreslår at tilsvarande forenklingar blir gjennomførte også for stabiliseringshandel
Reglane blir etter alt å dømme innlemma i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett gjennom verdipapirforskrifta.
Vi ber om at aktørar informerer Finanstilsynet dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som vi bør vere merksame på. Det vil som hovudregel ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket blir tatt inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 19. oktober 2026.
Høyringsnotat og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EU-kommisjonen: