Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyring frå EU-kommisjonen: Endring av nivå 2-regelverk til EMIR

Høringer

EU-kommisjonen har sendt på høyring eit forslag til endring av utfyllande reglar om initial marginkrav for ikkje-clearede transaksjonar. Høyringsfristen er 26. november 2026.

I 2012 fastsette EU reglar om derivathandel i forordning (EU) nr. 648/2016 (EMIR). Reglane er gjennomført i norsk rett i verdipapirhandelslova. I utfyllande reglar til EMIR ved kommisjonsforordning (EU) 2016/2251 (Margin RTS) er det fastsett reglar om risikoreduserande teknikkar for OTC derivatkontraktar som ikkje cleares av ein sentral motpart (CCP).  

EU-kommisjonen har nå sendt på høyring eit forslag om endring av utfyllande reglar om risikoreduserande teknikkar med omsyn til kva for eit initial marginkrav som skal gjelde for OTC derivatkontraktar til motpartar som går under terskel på 8 mrd. EUR, og dersom begge motpartar er over terskel med vidare. Forslaget er utarbeidd av ESMA, men fordi det har avgrensa omfang og verknad, har forslaget tidlegare ikkje vore på høyring eller gjenstand for ein kost/nytte analyse. 

Reglane er venta tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett i verdipapirforskrifta.

Vi ber om at aktørar informerer Finanstilsynet dersom det er forhold av særleg betyding for norske interesser vi bør vere merksame på. Det vil som hovudregel ikkje bli gjennomført ny høyring når regelverket blir tatt inn i norsk rett.    

Høyringsfrist er 26. november 2026.

Høyringsnotat og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EU-kommisjonen:

  • Regulatory technical standards on margin requirements for non-centrally cleared transactions (amendment)
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less