Høyring frå EIOPA: Oppfordring om minimumsharmonisering av forsikringsgarantiordningar i EØS
Høringer
Den europeiske forsikrings- og pensjonstilsynsmyndigheita (EIOPA) ønsker tilbakemelding på utkast til teknisk oppfordring til EU-kommisjonen om felles minimumsstandardar for forsikringsgarantiordningar i EU
Krisehandteringsdirektivet for forsikring (EIRD) pålegg i artikkel 98 EU-kommisjonen, i samråd med EIOPA, å legge fram ein rapport til EU-parlamentet og Rådet med ei vurdering av hensiktsmessigheita av felles mininumsstandarder for forsikringsgarantiordningar. Rapporten skal minst:
- vurdere situasjonen for forsikringsgarantiordningar i medlemsstatane (dekningsgrad, forsikringstypar som blir omfatta, utløysande faktorar),
- drøfte ulike handlingsalternativ, for eksempel bruk av forsikringsgarantiordningar for å føre vidare eller avvikle forsikringspolisar, idet det blir tatt skikkeleg omsyn til forskjellane i forsikringsprodukt i dei ulike medlemsstatane, Rapporten skal om nødvendig blir følgt av eit forslag til regelverk.
- vurdere nødvendigheita av å innføre og, når det er formålstenleg, skissere dei trinna som trengst for å etablere eit minimumsnivå for forsikringsgarantiordningar i heile Unionen.
Rapporten skal om nødvendig bli følgd av eit forslag til regelverk.
Les meir: