Høyring frå EBA: Oppdaterte reglar for risikovekting av spesialiserte utlån
Høringer
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) gjennomfører ei høyring av oppdaterte reglar for risikovekting av spesialiserte utlån. Høyringsfristen er 7. august 2026.
Kommisjonsforordning (EU) 2021/598 gir utfyllande føresegner for risikovekting av spesialiserte utlån under IRB-metoden når sannsyn for misleghald (PD) ikkje kan estimerast, eller estimata ikkje oppfyller krava i kapitalkravforordninga, jamfør Supervisory Slotting Criteria Approach (SSCA) og artikkelen i kapitalkravforordninga 153 nr. 5.
Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt på høyring forslag til endringar i kommisjonsforordninga. Endringane omfattar tilpassingar til revidert kapitalkravforordning (CRR3), presisering av vurderingskriteria og innarbeiding av berekraftsrelaterte forhold.
Fristen for å sende inn merknader er 7. august 2026.
EBA vil halde eit offentleg høyringsmøte 27. mai 2026.
Høgringnotat og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til EBA: