Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyring frå EBA: EBA foreslår forenkla offentleggjering av pilar 3-informasjon for mindre og ikkje-komplekse føretak

Høringer

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har publisert eit diskusjonsnotat om ein forenkla prosess for mindre og ikkje-komplekse føretak (SNCI) ved innføringa av Pillar 3 Data Hub. Høyringsfristen er 20. juli 2026.

Forslaget inneber at EBA skal berekne og publisere pilar 3-opplysningar for føretak som er kategoriserte som SNCI frå den eksisterande tilsynsrapporteringa. Målet er å redusere byrden for institusjonane og samtidig gjere informasjonen meir tilgjengeleg og samanliknbar for brukarar, føretak og tilsynsmyndigheiter.

Diskusjonsnotatet beskriv blant anna den foreslåtte metoden for berekning av opplysningane og den vidare tidsplanen for første publisering av pilar 3-informasjon for SNCI.

Fristen for å sende inn innspel til høyringa er 20. juli 2026. 

EBA arrangerer også ei offentleg høyring onsdag 1. juli 2026 kl. 15.00–16.30 (CEST, sentraleuropeisk sommartid). NB! Registreringsfristen for denne offentlege høyringa er allereie fredag 26. juni 2026 kl. 16.00 (CEST).

Innspela frå høyringa vil bli brukte i arbeidet med å ferdigstille og implementere prosessen og berekningsmetoden for SNCI. 

Sjå også høyringsmodulen om endringar i ITS for tilsynsrapportering – “Alignment with P3 disclosures for SNCIs”:  

  • Consultation module – Alignment with P3 disclosures for SNCIs

P3DH er ein sentralisert plattform på nettstaden til EBA som legg til rette for tilgang til pilar 3-informasjon for alle brukarar, og dekker heile settet av krav i pilar 3-rammeverket: 

  • P3DH – sentralisert plattform på nettstaden til EBA 

26. januar 2026 blei P3DH lansert for store og øvrige føretak. EBA utvidar no P3DH-rammeverket til også å omfatte SNCI. Det er ei eiga side for P3DH på nettstaden til EBA, der relaterte spørsmål og svar (FAQ) blir publiserte jamleg. EBA har no publisert ei ny FAQ-oversikt om P3DH og tilhøyrande IKT-løysingar for store og øvrige føretak. Her er det informasjon om korleis føretak kan nominere kontaktpersonar som skal motta automatiske varsel ved publisering av pilar 3-informasjon.

Meir om høyringa – og høyringsnotatet:

  • The EBA launches Discussion Paper on Pillar 3 Data Hub for small banks

 

Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less