Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden

Høyring frå AMLA: Retningslinjer om løpande oppfølging av kundeforhold

Høringer

Den europeiske myndigheita for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering (AMLA) har sendt på høyring forslag til retningslinjer om løpande oppfølging av kundeforhold etter artikkel 26(5) i den nye antikvitvaskingsforordninga (AMLR). Høyringsfristen er 3. september 2026.

Retningslinjene gjeld gjennomføringa av kravet om løpande oppfølging av kundeforhold, og omfattar både oppdatering av kundeinformasjon og overvaking av transaksjonar og aktiviteten til kunden gjennom heile kundeforholdet.

Vi ber om at aktørar informerer Finanstilsynet dersom det er forhold av særleg betyding for norske interesser som vi bør vere merksame på.

Høyringsfristen er 3. september 2026.

Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til AMLA:

  • Consultation on the draft Guidelines on ongoing monitoring of a business relationship
Til toppen av siden expand_less
Til toppen av siden expand_less