Høyring frå AMLA: Etablering av ein sentral AML/CFT-database
Høringer
Den europeiske myndigheita for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering (AMLA) har sendt på høyring forslag til utfyllande reglar om etablering av ein sentral AML/CFT-database. Høyringsfristen er 3. november 2026.
I mai 2024 vedtok EU ein ny regelverkspakke på kvitvaskingsområdet. Regelverkspakken består blant anna av ei forordning om etablering av ei ny europeisk myndigheit for kamp mot kvitvasking og terrorfinansiering (AMLA) (forordning (EU) 2024/1620) - Amla-forordninga.
Amla-forordninga artikkel 5-11 gir AMLA fullmakt til blant anna å etablere ein sentral database for tiltak mot kvitvasking og terrorfinansiering. AMLA har nå sendt på høyring eit forslag til utfyllande reglar til Amla-forordnigen med nærmare reglar om ein slik database. Reglane er venta tatt inn i EØS-avtalen og gjennomført i norsk rett.
Vi ber om at aktørar informerer Finanstilsynet dersom det er forhold av særleg betyding for norske interesser vi bør vere merksame på.
Høyringsfristen er 3. november 2026.
Høyringsnotatet og meir informasjon er tilgjengeleg på nettstaden til AMLA: