Høyring frå ESMA: Krav om offentleggjering av informasjon om clearingavgifter og tilhøyrande kostnader (EMIR)
Høringer
Publisert: 1. juli 2025
Den europeiske verdipapir- og marknadstilsynsmyndigheita (ESMA) har sendt på høyring eit utkast til delegert rettsakt om krav om offentleggjering av informasjon om clearingavgifter og tilhøyrande kostnader. Høyringsfristen er 8. september 2025.
I 2012 fastsette EU reglar om sentrale motpartar osb. i forordning (EU) nr. 648/2012 (EMIR). Reglane er teke inn i norsk rett i verdipapirhandelslova. I endringsforordning (EU) 2024/2987 (EMIR 3) er ESMA gitt eit mandat til å foreslå utkast til delegert rettsakt som oppgir nærare kva informasjon om clearingavgifter og tilhøyrande kostnader som skal offentleggjerast av clearingtenestetilbydarar.
ESMA har nå sendt eit forslag om krav til offentleggjering av informasjon om clearingavgifter og tilhøyrande kostnader på høyring. Formålet med høyringa er å hente inn synspunkt og innspel frå partar som dette gjeld, særleg clearingmedlemmer og clearingkundar som tilbyr tenester knytte til clearing (clearing service providers - CSP) og kundar. I høyringsnotatet foreslår ESMA at informasjonen bør vere så standardisert som mogleg, lett å lese og fullstendig, og dekke den totale kostnaden for clearing, inklusive moglege rabattar, refusjonar eller avgiftstak. Det blir også foreslått at avgiftene skal brytast ned på type avgift og i tillegg knytast til kvar enkelt teneste slik at avgifter kan samanliknast.
Det er grunn til å tru at reglane blir teken inn i EØS-avtalen og gjennomførte i norsk rett i verdipapirforskrifta.
Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på. Det vil i utgangspunktet ikkje gjennomførast ny høyring når regelverket skal takast inn i norsk rett.
Høyringsfristen er 8. september 2025.
Høyringsnotatet er tigjengelig på ESMAs nettsider: