Gå til hovedinnhold Gå til søkesiden
Forside >
Nyhetsarkiv >
Høringer >
Høyring frå EBA: Rapport om miljømessige risikoar i kapitalkravsrammeverket

Høyring frå EBA: Rapport om miljømessige risikoar i kapitalkravsrammeverket

Høringer

Publisert: 9. juni 2022

Den europeiske banktilsynsmyndigheita (EBA) har sendt ein rapport som diskuterer om og på kva måte miljømessige risikoar skal takast omsyn til i pilar 1-rammeverket for finansinstitusjonar og verdipapirføretak på høyring.

Tema

  • Bærekraft

Miljømessige risikoar endrar risikobildet for den finansielle sektoren og vil bli endå meir framtredande i tida framover. Dette påverkar alle dei tradisjonelle risikokategoriane, som kreditt-, marknads- og operasjonell risiko.

EBA har valt ei risikobasert tilnærming der kapitalkravstilpasningar må grunngjevast med risiko. Rapporten understrekar kor viktig det er å innhente relevant og påliteleg informasjon om miljømessige risikoar og effekten av dei på institusjonane sine finansielle tap. I rapporten blir det analysert i kva grad miljømessige risikoar alt er reflekterte i pilar 1-krava. Sjølv om rapporten omhandlar hovudsakleg pilar 1-krav, blir også behovet for ei heilheitleg regulatorisk tilnærming understreka, og rapporten må sjåast i samanheng med EBAs breiare arbeid innan ESG-risikoar.

Høyringsfristen er 2. august 2022.

EBA vil halde eit offentleg nettmøte om høyringa 17. juni.

Finanstilsynet ber om å bli informert dersom det er forhold av særleg betydning for norske interesser som Finanstilsynet bør vere merksam på.

Meir informasjon på EBAs nettsider:

  • EBA launches discussion on the role of environmental risks in the prudential framework

 

Abonner på nyheter

Registrer deg for å få nyhetsvarsling når Finanstilsynet publiserer saker du er interessert i.

  • Abonner på nyheter
Til toppen av siden expand_less

Del denne siden:

  • Facebook
  • LinkedIn
Abonner på nyhetsvarsel
  • Om Finanstilsynet
  • Presse
  • Jobb hos oss
  • Kontakt
  • eFormidling
  • Personvern og tilgjengelighetserklæring
  • RSS og API
  • Varsling til Finanstilsynet

Besøksadresse: 
Revierstredet 3, 0151 Oslo


Postadresse: 
Postboks 1187 Sentrum
0107 Oslo


Tlf: 22 93 98 00
E-post: post@finanstilsynet.no
Org.nr.: 840 747 972 

Til toppen av siden expand_less